Plagiat -  Johannes Kalliauer - WikiCommons

Plagiat! Juks!

Kanskje er det både lettare å plagiere og lettare å bli ferska for plagiat i dag enn det var då ordet plagiarus, som tyder kidnappar, første gong blei brukt i første århundre fvt. I norsk offentlegheit har det i seinare tid særleg handla om politikarar sine masteroppgåver og såkalla sjølvplagiering. Kva med anna akademisk juks, som til dømes fiktive forskingsresultat?

Dato
Tidspunkt
Sted
Pris
fredag 7. februar 2025
Kl. 14:45
-15:30
Litteraturhuset i Bergen
Gratis
DEL PÅ

Forfattar og journalist Sandra Lillebø har sjølv opplevd å bli plagiert. Ho møter professor i litteratur Gisle Selnes, som har engasjert seg spørsmål om plagiat og Vigdis Vandvik, professor i samfunnsøkologi, til ein samtale om plagiat og anna juks i akademia og i skjønnlitteraturen, leia av jurist og spesialist i opphavsrett, Magnus Thomassen.

Gisle Selnes (f. 1965, Noreg) er busett i Bergen og professor i Allmenn litteraturvitenskap ved Universitetet i Bergen. Han har tidlegare vore tilsett ved Latinamerikastudiet same stad. Selnes har publisert ei rekke essay og fagartiklar i norske og utanlandske tidsskrift om litteratur og litteraturteori, radikal filosofi og politikk, historie og kulturkritikk. Han har også omsett litterære og filosofiske tekstar frå spansk og italiensk. I 2011 gav han ut essaysamlinga Det fjerde kontinentet. Essays om America og andre fremmede fenomener, og i 2016 kom boka Den store sangen. Kapitler av en bok om Bob Dylan. Den siste utgivinga er ei gjendikting av César Vallejo, Trilce (2018). I 2022 kom boka Forfølgelsen av Julian Assange, som han skreiv saman med Frode Helmich Pedersen.

Magnus Thomassen (f. 1981, Noreg) er jurist og administrerande direktør for den private finansieringsorganisasjonen Zefyr, som har gitt kapital til produksjon av norske filmar, seriar og spel sidan 2019. Thomassen er utdanna filmprodusent frå Den Norske Filmskolen og har ein mastergrad i rettsvitskap frå Universitetet i Bergen. Før han vart jurist i 2013, arbeida han både i film- og musikkindustrien.

Sandra Lillebø (f. 1978, Noreg) er forfattar, kritikar og skribent. Lillebø debuterte som forfattar i 2011 med diktsamlinga Navnet på den ensomme er frigitt. I 2016 gav ho ut si andre diktsamling, Alt skal skinne og blø, og hausten 2020 kom romanen Tingenes tilstand som ho fekk gode kritikkar for. Hennar siste roman er En fransk familie frå 2023. Sandra Lillebø er tidlegare programrådgivar ved Litteraturhuset i Bergen og i Bergen internasjonale litteraturfestival, og sit i festivalen sitt norske kunstnariske råd.

Vigdis Vandvik (1968, Noreg) er ein norsk professor i samfunnsøkologi ved Universitetet i Bergen. Ho er tilknytt institutt for biovitskap. Vandvik er planteøkolog og interesserer seg for korleis naturlege prosessar og globale endringar påverkar plantar, biologisk mangfald og økosystem sine funksjonar og teneste på ulike romlege og temporære skalaer.


Arrangementet er gratis, men det er tilrådd å hente ut gratisbillett for å sikre seg plass.

I samarbeid med Bergen Internasjonale Litteraturfestival.

Samtalen er på norsk.